Posts

Haust 2018

Laget er i ferd med å legge mange planer for hausten!
Fyrst oppe blir eit dansekurs i hallingspringar for nybyrjar, og eit dansekurs for litt øvet!
Desse kursa blir satt opp på 4 laurdager i løpet av hausten på Torpo Hugnadheim.
Sjekk denne sida og Facebook for oppdateringer.

Hugs også å melde deg på 50-års jubileum 27.oktober!
Det blir ein fabelaktig konsert med mange kjente fjes og toner, og ein heidundrende fest etterpå!

Danseøvingar!

Velkomen på danseøvingar i mai og juni!  Det blir danseøving annan kvar tysdagskveld frå kl.19-21 på datoane under.

tysdag 08.mai
tysdag 22.mai
tysdag 05.juni
tysdag 19.juni

Me kjem til å ha levande musikk med spelemenn frå Hallingdal.
Desse kveldane har fokus på hallingspringar og er meint som opptrapping til lagdans deltaking under Landskappleiken 2018, men er opne for alle som har lyst å danse!
Kom med eller utan dansefølgje!

Stad kjem straks...


50-års jubileum!

50-års jubileum! Sett av laurdag 22. september, for då skal Ål spel- og dansarlag feire 50 år!  Det blir stor stas!! Det blir på Sundrehall i Ål, og er open for medlemmer, tidlegare medlemmer, og medlemmer i andre spel- og dansarlag/spelemannslag. Det blir middag, program og dansefest ut på kvelden. Fleire detaljer kjem seinare.

Om du vil melde deg på allereie no, sei frå til leiaren Rebecca Lofft på epost rlofft@hotmail.com.
Bindende påmelding innan 01.september 2018.

Årsmøte

Årsmøte til Ål spel- og dansarlag vert onsdag 07.mars, 2018 kl.19-2030 ved Hallingdal Hotell, Sundrevegen, 3571 Ål. Det vert servering av kaffe, te og kake.
Medlemmene i laget er hjartelege velkomne, i tillegg til andre som er interessert i å bli medlem.
Meld frå til leiaren om du vil kome slik at me har oversikt over antall personer til kaffe og kake.

Mvh
Rebecca Lofft
leiar for Ål spel- og dansarlag

Velkomen på ein danseglad haust!

Sundagsdans!  Ål spel- og dansarlag jobbar for eit aktivt spel- og dansemiljø innan folkemusikk!! Ål spel- og dansarlag ynskjer deg velkomen på dans kvar sundag frå 3.september til 26.november!

Me har eit godt dansemiljø der alle er velkomne, både ferske og erfarne dansarar likeins!
Ikkje ver redd for å kome!

Frå 10.september skal me ha danseinstruksjon frå kl.18-19 før dansen, slik at alle får lært litt hallingspringar.

Også erfarne dansarar kan gjerne kome for å friske opp dansetrinn, gje tips til nybyrjarane, eller lære noko artige turer!
Solhov Me held til på Solhov, eit mørkebrunt forsamlingshus på Ål, litt forbi ungdomsskula og barneskula i Sundrevegen. (cirka nummer 37!)
Musikk Me tilbyr levande dansemusikk, stort sett til hallingspringar, men også gamaldans.
Foreløpig er dansen heilt gratis!

Sjekk også vår side på Facebook!

Ta kontakt med styret dersom det er noko du lurer på.

Styret 2017
Leiar: Rebecca Lofft
Kasserar: Anders Lunden Herfoss
Styremedlem: Silje Liahagen, Knut Erli…