Thursday, August 31, 2017

Velkomen på ein danseglad haust!


Sundagsdans! 

Ål spel- og dansarlag jobbar for eit aktivt spel- og dansemiljø innan folkemusikk!!

Ål spel- og dansarlag ynskjer deg velkomen på dans kvar sundag frå 3.september til 26.november!

Me har eit godt dansemiljø der alle er velkomne, både ferske og erfarne dansarar likeins!
Ikkje ver redd for å kome!

Frå 10.september skal me ha danseinstruksjon frå kl.18-19 før dansen, slik at alle får lært litt hallingspringar.

Også erfarne dansarar kan gjerne kome for å friske opp dansetrinn, gje tips til nybyrjarane, eller lære noko artige turer!

Solhov

Me held til på Solhov, eit mørkebrunt forsamlingshus på Ål, litt forbi ungdomsskula og barneskula i Sundrevegen. (cirka nummer 37!)

Musikk

Me tilbyr levande dansemusikk, stort sett til hallingspringar, men også gamaldans.
Foreløpig er dansen heilt gratis!

Sjekk også vår side på Facebook!

Ta kontakt med styret dersom det er noko du lurer på.

Styret 2017
Leiar: Rebecca Lofft
Kasserar: Anders Lunden Herfoss
Styremedlem: Silje Liahagen, Knut Erling Skrindo, og Kjellbjørn Karsrud
1.vara Magnhild Storøygard
2.vara Aud Berit Johannesen




Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!