Monday, April 30, 2018

Danseøvingar!

Velkomen på danseøvingar i mai og juni! 

Det blir danseøving annan kvar tysdagskveld frå kl.19-21 på datoane under.

tysdag 08.mai
tysdag 22.mai
tysdag 05.juni
tysdag 19.juni

Me kjem til å ha levande musikk med spelemenn frå Hallingdal.
Desse kveldane har fokus på hallingspringar og er meint som opptrapping til lagdans deltaking under Landskappleiken 2018, men er opne for alle som har lyst å danse!
Kom med eller utan dansefølgje!

Stad kjem straks...


Friday, April 27, 2018

50-års jubileum!

50-års jubileum!

Sett av laurdag 22. september, for då skal Ål spel- og dansarlag feire 50 år! 

Det blir stor stas!!
Det blir på Sundrehall i Ål, og er open for medlemmer, tidlegare medlemmer, og medlemmer i andre spel- og dansarlag/spelemannslag. Det blir middag, program og dansefest ut på kvelden. Fleire detaljer kjem seinare.

Om du vil melde deg på allereie no, sei frå til leiaren Rebecca Lofft på epost rlofft@hotmail.com.
Bindende påmelding innan 01.september 2018.

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!