Monday, May 27, 2019

Dansekvelder på Torpo

Dansekvelder på Torpo annankvar tysdag kl.19-21

04.juni, 18. juni

To dansekvelder gjenstår før sommarferien, og Landskappleiken! 

Det er alltid levande musikk av lokale spelemenn, både springar og gammaldans. 

Kakepause er ca. kl.20 og det er alltid kaffe med noko gødt å bite i. 
Alt er heilt gratis og alle nivå er velkomne! 
Kom med eller utan nokon å danse med, men ta gjerne med dansesko. 

Tre koselige kvelder
Det har alt vore gjennomført tre dansekveldar med ca. 20, 21, og 23 dansarar per kveld! 
Ca. 50 ulike dansarar har vore innom Hugnadheim på dansekveldane! 

Dette gikk over all forventning, og viser at mange er interessert i å begynne å danse. 
Det er så triveleg å ha så mange som kjem, både røynde dansarar og ferske som lærar trinn frå dei meir erfarne. 

Fyrste kvelden, 23.april, var det Hilde Kirkebøen på hardingfele. 07.mai var det Sjur Borge på torader. 21. mai var det Rebecca Lofft på hardingfele og Ulf Arne Johannessen på torader. 

Kurs haust 2019Til hausten vert det satt opp dansekurs i både springar og gammaldans. 
Følg Ål spel- og dansarlag på Facebook og denne bloggen for å halde deg oppdatert. 

Sunday, May 26, 2019

Resultater Buskerudkappleiken 2019

Buskerudkappleiken 2019 

Sjå https://resultat.folkorg.no/ for resultater for: 

  • Dans hardingfele klasse ABC
  • Durspel junior/senior
  • Eldre folkemusikkinstrument junior/senior
  • Lagdans junior/senior
  • Lagspel med komp senior
  • Lagspel utan komp senior
  • Vokal klasse B

Her står klassene som ikkje er publisert på FolkOrg tevlingssystemet. 
Resultat om hallingdanstevlinga vert publisert måndag 27.05.2019 i eiget skriv.

Hardingfele klasse A / Fanitulltevlinga 
På grunn av finalespel ifht Fanitulltevlinga vart det ikkje gjeve endeleg poengsum til dei topp tre.

1. Jan Beitohaugen Granli 1.plass Fanitulltevlinga
2. Per Anders Buen Garnås 2.plass Fanitulltevlinga
3. Alexander Røynstrand, 3.plass Fanitulltevlinga
4. Ottar Kaasa 90 poeng
5. Øyvind Brabandt 88 poeng
6. Sivert Holmen 87 poeng
7. Lars Ingar Meyer Fjeld 86 poeng
8. Kjellbjørn Karsrud 85 poeng
9. Lars Erik Øygarden 84 poeng
10. Helga Myhr 82 poeng
11. Herbjørn Liahagen 81 poeng

Hardingfele klasse B
1. Åsmund Fauske Jøtun 84 poeng Gol spel- og dansarlag
2. Mattias Thedens 74 poeng FolkOrg
3. Eivind Tanke Larsen Knutsen 74 poeng
4. Jegeir Trøym 74 poeng
5. Svein Laingen Kjerland 71 poeng
6. Birgit Haukås 70 poeng Tinn spelemannslag
7. Even Ellegaard Westeng 68 poeng Gransherad spel- og dansarlag
8. Eilif Groven Myhren 54 poeng Hallinglaget i Oslo

Eldre folkemusikkinstrument senior
1. Hege Weseth 76 poeng Numedal spel- og dansarlag
2. Vitaly Obukhov 70 poeng (ikkje medlem i FolkOrg)

Eldre folkemusikkinstrument junior
1. Ånund Meberg Myhren 73 poeng Bulder og Brak

Open klasse
1. Hallingdal Juniorspelemannslag -  med Cecilie Skrindo, Olav Andreas Stræte Lie, Johanne Lilleslett og Johanne Løkensgard Mjøs (poengsum skrivast inn her når den vert kjent)

Fele 
Fele var ikkje ein klasse under Buskerudkappleiken 2019. 
Desse var urangerte deltakarar i Fanitulltevlinga, som er for både fele og hardingfele. 
  • Frida Høfling
  • Mads Kurås
  • Hans Kjorstad



Wednesday, May 22, 2019

Startliste Buskerudkappleiken 2019


STARTLISTE BUSKERUDKAPPLEIKEN – laurdag 25. mai 2019
NB Les vikig informasjon om etterpåmelding til slutt.
10.00: Ordførar Solveig Vestenfor og kappleiksgeneral Rebecca Lofft ynskjer velkomen
10.05: Hallingdal Låtelag, Lagspel senior
10.10: Konferansier Hallgrim Berg presenterer domarane
10.12: Simon Hesselberg Løvold /Ingunn Stræte, Dans hard.fele B
10.16: Even Ellegaard Westeng/Tone Anne Tveiten, Dans hard.fele B
10.20: Neri Sørnæs Bakkjen m/følgje, Dans hard.fele C
10.23: Per-Egil Brenno, Durspel junior
10.28: Anders Lunden Herfoss, Durspel senior
10.35: Hege Synnøve Weseth, Eldre instr. senior (sjøfløyte)
10.40: Ånund Meberg Myhren, Eldre instr. junior (munnharpe)
10.44: Lars Fivelstad Smaaberg/Karianne J. Holestøl, Dans h.fele A
10.48: Sigbjørn Rua/Hege S. Johnrud, Dans h.fele A

Kort pause

11.00: Hallinglaget i Oslo, Lagdans senior
11.05: «Hugnadheim halling», Lagdans junior
11.10: Elisabeth Mork Fjeldvær, Vokal B
11.14: Knut Halvor Traaen, Vokal B
11.17: Numedal spel og dansarlag, Lagspel senior
11.23: «Hugnadheim United», Lagdans senior
11.30: Numedal spel og dansarlag, Lagspel senior m/komp
11:40: Ingebjørg Bø og Ola Narverud, dans hardingfele klasse A

Pause

NB! Kappleiken held, eventuelt, fram like etter Bygdamønstringa ved behov (ca. kl.1545/16).

12.00: Lausdans og hallingkast på Sundrehallplassen

14.00: Hardingfele kl C, B, A på Thon Hotell, pluss Fanitulltevlinga

14.00 Bygdamønstringa (eigen billett) - med sjokoladekappleiken i byrjinga. Deltakarar til sjokoladekappleiken (born under 12 år) henvender seg bak scena litt før bygdamønstringa.

Etterpåmeldingar:

Kappleiken prioriterer påmeldingar frå lagdans og lagspel.
Desse vert sett opp i rekkefølgje av handvendingar mellom kl.16-18.

Dersom det er ledig tid att, vert det satt opp enkeltdeltakarar i rekkefølge av handvendingar.
Etterpåmeldingar meldast til leiar Rebecca Lofft, tlf. 99262567 eller via Facebook Messenger.

Det kjem meir klargjering angående påmelding og registrering til Fanitulltevlinga/hardingfele ABCD, og til laustevlinga.

Rabatt til deltakarane:
Deltakarane får 200,-kr avslag på Kveldspass laurdag til Folkemusikkveka, eller 200,- kr rabatt på festivalpass. Alle deltakarar får deltakerpremie.

For deltakarar under 18 er Festivalkveld laurdag gratis.

Meld gjerne frå til Rebecca om du har anledning til å bidra med dugnad. Me treng 2-3 personer til for at det skal vere god flyt.

Thursday, May 9, 2019

Buskerudkappleiken 2019 på Ål

Buskerudkappleiken 2019

Velkomen på Buskerudkappleiken laurdag 25.mai, ved Ål Kulturhus! 
Det skjer i samarbeid med Folkemusikkveka, og kjem til å bli MORO!! 
Me vonar at alle lokale spelemenn, kvedarar, og dansarar stiller opp til kappleik!
Likeins at lokale folk kjem for å høyre og sjå på! 
Les nedover så finn du nok svar på spørsmålene dine. 

Høgdepunkter og endringar

Sidan det er slått saman med Folkemusikkveka, er det eit par endringer i forhold til tidlegare år. 

Sjokoladekappleik (kappleik for dei minste) er ofte i byrjinga av kappleiken. 
I år er dei minste deltakerne (under 12 år) velkomne til å stille på Bygdamønstring kl.1400, og får sjokolade som "premie" med hyggelige tilbakemeldinger.

Fanitulltevling er slått saman med tevling i spel hardingfele og fele (A, B, C, D) og foregår på Thon Hotell.  
Deltakarane vel om dei vil bli dømt i ein eller begge tevlinger. 
Det er mogleg å etterpåmelde seg kun til Fanitulltevlinga. 
*om du vil registrere deg til å bli dømt i kappleiken, registrerer du deg på Kulturhuset. 
Om du vil berre delta i Fanitulltevlinga til pengepremier, registrerer du deg på Hotellet. 

Det er finale om kvelden, og vinnaren er også Buskerudmester 2019. Sjå Folkkemusikkveka sin nettsida for fleire detaljer. 

Laus/hallingdans tevling i kappleiken vert også slått saman med tevling i Folkemusikkveka, slik at alle kan vere med og sjå godkarstykkjer ute ved Sundrehallplassen kl.12 laurdag! Vinneren er også Buskerudmester 2019.
Det vert også tevling i høgste hallingkast i god Buskerudkappleik tradisjon kl.1300! 
Kven trur du vinn i år?? 


Påmelding 

Opnar 12.mai og stenger 20.mai. 
Lenke: Påmelding

Obs: Du må vere medlem i FolkOrg for å delta. Ha medlemsnummeret ditt klart når du melder deg på. Nummeret finner du på medlemskortet ditt, eller ved å ta kontakt med administrasjon i FolkOrg. 

Me er nødt til å sette eit tak på antall deltakarar med hensyn til tidsbegrensninger for kappleiken, i saman med alt annet moro som skjer på Folkemusikkveka! 
For du vil vel få med deg det meste?! 


Billetter for publikum: Hallingbillett og kan kjøpast i skranken på Ål Kulturhus.

Timeplan

  • Kl. 1000: Kappleiken opner i Storesalen på Ål Kulturhus. 
  • Kl. 1200: Tevling i halling dans ute på Sundrehallplassen.
  • Kl. 1300: Tevling i høgste kast ute ved Sundrehallplassen. 
  • Kl.1400: Kombinert Fanitulltevlinga og spel hardingfele/fele klasser CDAB starter kl.1400 på Hallingdal Hotell.
  • Kl. 14:00 Bygdamønstring (ikkje en del av kappleiken) i Storesalen, Ål Kulturhus. 

  • Bygdamønstringa har tradisjonelt vore kl. 1400 ved Kulturhuset, og er også i år. Sjokoladekappleiken inngår i Bygdamønstringa. Dei som vil stille i bygdamønstringa henviser seg frå kl.1330 bak scena, i Skålen, på Ål Kulturhuset. 

  • Kl. 1600-1800: Kappleiken held fram. 
  • Kl.1945: Premieutdeling ute ved Sundrehallplassen.
  • Dansespeling ved hotellet om kvelden. 

Andre informasjon:

Deltakarar utan tilknytning til Buskerud er sjølvsagt også velkomne til å tevle! 
Fine premier og flotte vandrepremier! 
Vandrepremier delast kun ut til deltakarane som er tilknytt lag i Buskerud.

Under Buskerudkappleiken er det i tillegg til dei vanlege klassane også premie for beste dansespel. 
Ny klasse i år er lagspel med komp (i tillegg til vanleg lagspel). 

Rabatt for deltakarane på Folkemusikkveka
Deltakarar får 200,- i rabatt (altså ein fast sum) på enten festivalpass eller kveldspass laurdag.
Dei kjøper altså desse for hhv kr. 600,- eller 250,- (i skranken på kulturhuset)
For deltakarar under 18 er Festvalkveld laurdag gratis»

Dansespel om kvelden på hotellet med spelemenn og -kvinner frå Buskerud.  
Meld frå via Facebook-sida om du vil spele til dans.

Meir informasjon om klassar og påmelding:
http://tevling.folkorg.no 


Dansekvelder på Torpo

Dansekvelder på Torpo annankvar tysdag kl.19-21

21.mai, 04.juni, 18. juni.

To dansekvelder har alt vore gjennomført med ca. 20 dansarar per kveld! 
Det gikk over all forventning, og viser at mange er interessert i å begynne å danse. 
Det er så triveleg å ha så mange som kjem, både røynde dansarar og ferske som lærar trinn frå dei meir erfarne. 

Det er alltid levande musikk av lokale spelemenn. 
Fyrste kvelden, 23.april, var det Hilde Kirkebøen på hardingfele. 
07.mai var det Sjur Borge på torader. 
Det er både springar og gammaldans. 

Kakepause er ca. kl.20 og det er alltid kaffe med noko gødt å bite i. 

Alt er heilt gratis og alle nivå er velkomne! 
Kom med eller utan noko å danse med, men ta gjerne med dansesko. 

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!