Thursday, June 9, 2022

Masterclass og konsert med Sigrid Stubsveen

Masterclass med Sigrid Stubsveen

Onsdag, 25. mai, fekk elevane på fiolin og hardingfele i Ål kulturskule staslig felebesøk frå Sigrid Stubsveen!


Då Sigrid sto på programmet til Folkemusikkveka, såg kulturskulelærar Rebecca Lofft at dette kunne vere ein fin anledning til å samarbeide med Folkemusikkveka, UngMusikk, og Ål kulturskule!
Sigrid kom til Ål på onsdag, ein dag tidleg før festivalen begynte, og holdt Masterclass med fiolin og hardingfele elevene frå Ål Kulturskule. Fleire frå heile dalen var invitert, men diverre hadde ikkje dei anledning til å delta.
10 elever deltok totalt.




Etterpå var det pizza, og konsert der elevane, Rebecca, og Sigrid spelte.



Takk til UngMusikk for stønad til arrangementet,
og takk til Folkemusikkveka for samarbeid!

Dette var ein triveleg spelestund!

Me vonar å kunne arrangere fleire slike besøk framover!

17. mai 2022 konsert ved Ål bygdemuseum

17. mai 2022 var det ei glede å kunne arrangere folkemusikk konsert igjen i Tingstugu ved Ål bygdemuseum. 
Hilde Kirkebøen spelte hardingfele, Hallgrim Berg spelte seljefløyte og var konferansier, og Thorleif Stave spelte torader.  Det var godt besøkt og nesten stapp full med ca. 25 personer i publikum.



Etter konserten sto alle ute på tunet og nøyt ein kopp kaffi og gommokaku. 

Me gler uss allereie til neste år! 






Takk til Ål musikkråd for 3.000 kr i stønad, for at laget arrangert dette på dugnadsbasis. 

Friday, April 29, 2022

17. mai konsert ved Ål bygdamuseum

 Velkomen til folkemusikk konsert kl.0830-09 ved Ål bygdamuseum på 17. mai! 

Det er ein årleg tradisjon å starte dagen med lurspel av Eilif Gundersen frå Sundreberget kl. 7, og deretter konserten ved gamle Tingstugu oppe på Ål bygdamuseum. 

Du kan spasere opp Øvre-Ål om du har god tid, eller parker bilen ved inngangen til museet, så tusler du oppover stien til den fyrste fine stugu du ser (sjå bildet under), så møter du blide fjes med kaffi og flagg! 😊

Me satsar på fint vêr, og godt spel frå Hilde Kirkebøen på hardingfele, og Thorleif Stave på torader. Desse er røynde musikarar som kan tradisjonspel frå Ål. 

Etterpå vert det servering av gommokaku, kaffi og saft. 

Velkomen! 

Hilde Kirkebøen, hardingfele

Thorleif Stave, torader
Tingstugu, Ål bygdamuseum




Årsmøte 2022 Ål spel- og dansarlag

Årsmøte 2022 fant stad ved Ål bygdearkiv onsdag 27. april, kl.1830. 

Det var ni medlemmer som møtte, sju personer frå styret og to andre medlemmer. 

Klikk på lenka, så finn du sakspapira. 

Der finn du årsmeldinga, aktivitetsplan for 2022-23, og det nye styret for 2022-23. 

Sakspapirer til årsmøte 2022



Styret
Rebecca Lofft
Oddmund Vestenfor
Hallgrim Berg
Jon Martin Uhlen
Solveig Løkensgard Arnegard
Torill Kvalvågnes
Anders Lunden Herfoss (ikkje på bildet)



Elisabeth Mork Fjeldvær og Rebecca Lofft



Leiar Rebecca Lofft serverer heimelaga kake.

Thursday, October 28, 2021

Barne- og ungdomssamling, 06.-07.november 2021

Barne- og ungdomssamling ved Folkemusikksenteret i Buskerud, på Prestfoss i Sigdal!

Kva: eit kjempebra kurs for born og ungdom for folkemusikk, song, dans og leik!

Dato: Laurdag og sundag 06.-07. november, 2021

Aldersgrense: 7 år og oppover. Ein treng ingen forkunnskaper. 

Kurstilbod: hardingfele, vanleg fele, seljefløyte, munnharpe, torader, sjøfløyte, kveding, dans, nysirkus

Pris: Kurs, mat og overnatting får ein til berre 600 kr! 

Borna kan gjerne gå på kurs i noko som dei aldri har prøvd. Det er også mye fritid med leik og aktiviteter.

I tillegg kan borna ta seg ein tur i svømmehallen! 


NB: Kursstøtte for medlemmer i Ål spel- og dansarlag!
Viss barnet er medlem i Ål spel- og dansarlag, kan ein søkje stønad på opptil 1000 kr per år for å gå på kurs. 

Barnemedlemskap i Ål spel- og dansarlag inkluderer også medlemskap i Buskerud Folkemusikklag, og FolkOrg. Det koster kun 175 kr per år. 

Skriv ein helt enkel søknad på stønad til kurset til leiaren Rebecca Lofft på aal.spelogdans@gmail.com. Stønad til kurset vert betalt etter at kurset er gjennomført. 

Skriv ein mail til same e-posten om du ynskjer å melde inn fleire born, og ta med fødselsdato til borna. 

Om du vil køyre i lag med fleire frå Hallingdal, sei frå til meg, så kan eg organisere samkøyring.

Lenke til påmelding her

Påmeldingsfrist er 01.11. 

Du finner meir informasjon på Facebook sida til Buskerud Folkemusikklag, og til Ål spel- og dansarlag.

Ta evt. kontakt med Rebecca Lofft eller Åshild Wetterhus om du har spørsmål. 




Tuesday, June 29, 2021

Koseleg folkemusikkstund på Ål bygdamuseet

Koseleg folkemusikk stund på Ål Bygdamuseet sundag 27.06.21!

15 personer og aldeles nydeleg vêr!

Vonar å gjenta det seinare, når fleire er heimatt på Ål.

Me satsar på ein meir aktiv haust. Ta kontakt med nokon frå styret om du har nokon ynskjer for aktiviteter om hausten.

God sommar!! Nyt soldagane! 🌞

Det nye styret er:

Leiar: Rebecca Lofft - på val i 2022

Styremedlem: Hallgrim Berg, på val i 2023

Styremedlem: Oddmund Vestenfor, på val i 2023

Styremedlem: Jon Martin Uhlen, ikke på val. På val i 2022.

Styremedlem: Solveig L. Arnegard. Ny. På val i 2023

Varamedlem: Anders L. Herrfoss. Ny. Vald for eit år. På val i 2022.

Varamedlem: Torill Kvalvågnes. Attval. Vald for eit år. På val i 2022.

Varamedlem: Håkon Tveito. Attval Vald for eit år. På val i 2022. 


Valnemnd 2021-22: 

Morten Kolsrud (formann). Attval. Eitt år. På val i 2022. 

Aud Berit Johannessen. Ny, eitt år. På val i 2022.

Sunday, May 10, 2020

17.mai 2020 - syttende mai

Folkemusikkprogram 17. mai 2020

Ål spel- og dansarlag gler seg til å presentere eit kort program med folkemusikk ved Leksvol, Ål bygdamuseet 17. mai 2020, kl.0900-1000. 


Programmet vert sendt direkte via Facebook-sida til Ål spel- og dansarlag, og lagt ut til visning seinare.

lenke til Facebook hendinga

Det vert diverre ikkje tilgjenge for publikum på museet. 

Det vert spel på hardingfele, torader, munnharpe, lurblåsing, og allsong av utøvarar frå Ål spel- og dansarlag! Nokre namn me kan rope no er Anders Lunden Herfoss, Ingunn Stræte, Rebecca Lofft, Cecilie Skrindo, Eilif Gundersen, Hallgrim Berg, og Torill Kvalvågnes. Lyd ved Hallingdal Lyd.

Ved spørsmål ta kontakt med Rebecca Lofft, leiar i Ål spel- og dansarlag, tlf. 99262567, eller send spørsmål til rlofft@hotmail.com. 

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!