Friday, April 29, 2022

17. mai konsert ved Ål bygdamuseum

 Velkomen til folkemusikk konsert kl.0830-09 ved Ål bygdamuseum på 17. mai! 

Det er ein årleg tradisjon å starte dagen med lurspel av Eilif Gundersen frå Sundreberget kl. 7, og deretter konserten ved gamle Tingstugu oppe på Ål bygdamuseum. 

Du kan spasere opp Øvre-Ål om du har god tid, eller parker bilen ved inngangen til museet, så tusler du oppover stien til den fyrste fine stugu du ser (sjå bildet under), så møter du blide fjes med kaffi og flagg! 😊

Me satsar på fint vêr, og godt spel frå Hilde Kirkebøen på hardingfele, og Thorleif Stave på torader. Desse er røynde musikarar som kan tradisjonspel frå Ål. 

Etterpå vert det servering av gommokaku, kaffi og saft. 

Velkomen! 

Hilde Kirkebøen, hardingfele

Thorleif Stave, torader
Tingstugu, Ål bygdamuseum




Årsmøte 2022 Ål spel- og dansarlag

Årsmøte 2022 fant stad ved Ål bygdearkiv onsdag 27. april, kl.1830. 

Det var ni medlemmer som møtte, sju personer frå styret og to andre medlemmer. 

Klikk på lenka, så finn du sakspapira. 

Der finn du årsmeldinga, aktivitetsplan for 2022-23, og det nye styret for 2022-23. 

Sakspapirer til årsmøte 2022



Styret
Rebecca Lofft
Oddmund Vestenfor
Hallgrim Berg
Jon Martin Uhlen
Solveig Løkensgard Arnegard
Torill Kvalvågnes
Anders Lunden Herfoss (ikkje på bildet)



Elisabeth Mork Fjeldvær og Rebecca Lofft



Leiar Rebecca Lofft serverer heimelaga kake.

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!