Thursday, June 9, 2022

Folkemusikkens Dag 16.06.22

 

Torsdag 16. juni er det Folkemusikkens Dag! 

Til anledninga, arrangerer Ål spel- og dansarlag ein rekke aktiviteter utanfor Ål kulturhus! Det er i samarbeid med Sprang, landsdelsscene for dans, og arrangementet er sponsa av Frivillig Norge. 

Alt er gratis og utan påmelding! Sei gjerne frå til Rebecca ved å sende mail til aal.spelogdans@gmail.com dersom du vil spele, synge eller danse på konsert. Alle er velkomne, nye og erferne!

Tidsplan: 

16-17 Lynkurs instrument – ute, evt øvingsrom kulturskulen ved dårleg vær 

17:00-17:45 Lynkurs i springar med Ola Stave? Sprang ved dårleg vær 

18:00 Springarmaraton m/ dommarar, Sprang ved dårleg vær 

18:30 Lagdans gjennomgang i Sprang og oppmøte til musikarar og dansarar 

19:00-20:00 Konsert i Sprang  

Instruktører til lynkurs: 

Langeleik og kveding

Gunnlaug Lien Myhr

Seljefløyte, lur

Eiilf Gundersen

Munnharpe

Sigbjørn Stølen

Hardingfele

Fele

Torstein Gjeldokk

Johan Holland

Hallingdans

Erlend Opheim Berg

Diis-Eirin Moholt Kolsrud? 

Hallingspringar kl.17-1745 

Ola Stave?

Torader

Per Egil Brenno frå kl.1615-17




Konsert med Olav Luksengard Mjelva

25. mars 2022 arrangerte Ål spel- og dansarlag ein konsert med Olav Luksengard Mjelva i Hallingdal Feriepark. 

Olav spelte fleire ulike feler, hardingfele, vanleg fele, og . 

Konserten fokuserte på eit utval av hardingfeleslåtter som Olav har lært etter opptak av Kristian Øvrevollseie, pluss nokre låter frå Olav sitt nyaste album, Hugnad. Ta kontakt med han om du er interessert i å kjøpe plate. Den er knallbra! 



Det vart og litt buskspel ut på kvelden! Her, med sjølvaste Øyvind Brabant.

Grethe Nestegard og Oddmund Vestenfor nyter musikken. 


Dagen etter holdt Olav eit kurs saman med Hallingdal Låtelag, og spelte på Kafé Tid og landhandel på en folkemusikk kafe i regi av Ål spel- og dansarlag. 

Folkemusikk kafeane har vore støtta av Buskerud Folkemusikklag, og er ein rekke konsertar meint som eit lavterskel tilbod med korte folkemusikk konsertar på laurdager, gratis og open for alle. Desse har vore godt besøkt, og laget kjem til å fortsejte med dei utover hausten 2022 om me får stønad vidare.

Ta kontakt med uss om du har forslag til nokon som du vil høyre og sjå på konsert!  

 

Masterclass og konsert med Sigrid Stubsveen

Masterclass med Sigrid Stubsveen

Onsdag, 25. mai, fekk elevane på fiolin og hardingfele i Ål kulturskule staslig felebesøk frå Sigrid Stubsveen!


Då Sigrid sto på programmet til Folkemusikkveka, såg kulturskulelærar Rebecca Lofft at dette kunne vere ein fin anledning til å samarbeide med Folkemusikkveka, UngMusikk, og Ål kulturskule!
Sigrid kom til Ål på onsdag, ein dag tidleg før festivalen begynte, og holdt Masterclass med fiolin og hardingfele elevene frå Ål Kulturskule. Fleire frå heile dalen var invitert, men diverre hadde ikkje dei anledning til å delta.
10 elever deltok totalt.




Etterpå var det pizza, og konsert der elevane, Rebecca, og Sigrid spelte.



Takk til UngMusikk for stønad til arrangementet,
og takk til Folkemusikkveka for samarbeid!

Dette var ein triveleg spelestund!

Me vonar å kunne arrangere fleire slike besøk framover!

17. mai 2022 konsert ved Ål bygdemuseum

17. mai 2022 var det ei glede å kunne arrangere folkemusikk konsert igjen i Tingstugu ved Ål bygdemuseum. 
Hilde Kirkebøen spelte hardingfele, Hallgrim Berg spelte seljefløyte og var konferansier, og Thorleif Stave spelte torader.  Det var godt besøkt og nesten stapp full med ca. 25 personer i publikum.



Etter konserten sto alle ute på tunet og nøyt ein kopp kaffi og gommokaku. 

Me gler uss allereie til neste år! 






Takk til Ål musikkråd for 3.000 kr i stønad, for at laget arrangert dette på dugnadsbasis. 

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!