Thursday, June 9, 2022

Konsert med Olav Luksengard Mjelva

25. mars 2022 arrangerte Ål spel- og dansarlag ein konsert med Olav Luksengard Mjelva i Hallingdal Feriepark. 

Olav spelte fleire ulike feler, hardingfele, vanleg fele, og . 

Konserten fokuserte på eit utval av hardingfeleslåtter som Olav har lært etter opptak av Kristian Øvrevollseie, pluss nokre låter frå Olav sitt nyaste album, Hugnad. Ta kontakt med han om du er interessert i å kjøpe plate. Den er knallbra! 



Det vart og litt buskspel ut på kvelden! Her, med sjølvaste Øyvind Brabant.

Grethe Nestegard og Oddmund Vestenfor nyter musikken. 


Dagen etter holdt Olav eit kurs saman med Hallingdal Låtelag, og spelte på Kafé Tid og landhandel på en folkemusikk kafe i regi av Ål spel- og dansarlag. 

Folkemusikk kafeane har vore støtta av Buskerud Folkemusikklag, og er ein rekke konsertar meint som eit lavterskel tilbod med korte folkemusikk konsertar på laurdager, gratis og open for alle. Desse har vore godt besøkt, og laget kjem til å fortsejte med dei utover hausten 2022 om me får stønad vidare.

Ta kontakt med uss om du har forslag til nokon som du vil høyre og sjå på konsert!  

 

No comments:

Post a Comment

Musikk og moro laurdag 04. februar 2023

Velkomen på kurs, mønstring og fest!